Tre geografiske nivå kan veljast; Noreg, fylke og kommune. For fylke og kommune er det mogleg å summere for inntil 5 namn. Det er dagens administrative inndeling i kommune og fylke som blir vist. Men for fylke er det også lagt inn moglegheit for å velje fylkesinndelinga slik den var før 2018.
Grunnlagstal frå Organisert beitebruk blir summert opp per beitekommune. For beitelag som beitar i fleire kommunar er beitekommune sett til den kommunen som har hovuddelen av beiteområdet. Det er berre kommunar med organiserte beitelag som blir vist i statistikken.
Last ned grunnlagstal frå Organisert beitebruk
Sjå beitelagskartet i karttenesta Kilden
Les meir om beitelagskart på NIBIO sine nettsider
Les meir om Organisert beitebruk på Landbruksdirektoratet sine nettsider